Evig ung..



Skal i morra på revy sammen med jobben. Og kan tru eg gler meg, da skal bli så kjekt.

Revyen vi skal se heter "Evig Ung". Har du sett den?? Hørt om den?

Har sett litt på youtube nå, og den virker rååååå bra :) Gleder meg sykt til og dra og se den i morra :) 

Gamlingane i Evig ung held koken! Etter premieren våren 2009 har dei halde den geriatriske galskapen levande over heile landet. Først gjennom fleire speleperiodar på Det Norske Teatret, sidan på turne i regi av Riksteatret. Denne hausten er det nye gjensyn med skodespelarane Charlotte Frogner, Thomas Bye, Trond Høvik, Håkon Moe, Gjertrud Jynge, Ingrid Jørgensen Dragland og pianisten Anders Rogg slik dei har det om 30 til 40 år. Marit Kolbræk held styr på dei tilårskomne.

Vi er i bygningen som ein gong husa Det Norske Teatret. Medieverda har teke over alle kunstnarlege ytringar. Den ærverdige nynorskinstitusjonen fungerer som gamleheim for skodespelarar med fortid som stjerner i dei klassiske verka til Shakespeare, Molière og Goethe, og i minneverdige musikalar frå den store perioden på slutten av 1900-talet. 

Skodespelarane bur no i dei gamle garderobane sine, kler seg i kostyme og et rekvisittar. Ein gong om dagen blir dei tekne med framfor jernteppet på hovudscenen til ei kulturell hyggestund med salmar og barnlege fysiske aktivitetar. At hygga tar ei heilt anna retning enn bestyrarinna og publikum trur, er ikkje meir enn ein må vente. 


Det har gått 30-40 år, men under ein gebrekkleg fysikk bankar enno unge, ville hjarte, gjøglarglede, autoritetsangst og ungdommeleg opprør. Nykkene har overlevd, det same har vondt blod og gamal kjærleik, og ikkje minst talentet og alle dei gamle rockelåtane ein kunne framføre betre enn nokon annan. Kort fortalt, generasjonen som nekta å bli gamal, som ville vere evig ung, Forever Young. Men som slit.


Evig ung er ikkje nokon musikal. Det finst verken nyskriven musikk, ei nydikta original historie, eller strålande scenebilete med dansarar og stort orkester osb. I Erik Gedeons songdrama er det skodespelarane som står i sentrum, og musikken vel han blant perlene i pop- og rockemusikken, låtar som har både tekstleg og ikkje minst musikalsk dramatisk kvalitet. Desse praktnummera flettar han så inn i ei enkel historie som seier noko om den verda vi lever i. I Evig ung vil han seie noko om å ha respekt for dei gamle, og det begynner med at vi ser dei, prøver å forstå dei og ikkje isolerer dei som ei unyttig gruppe i eit effektivt fellesskap. Humor er å le med dei, ikkje av dei.

Den svensk-sveitsiske musikaren og teatermannen Erik Gedeon har gjort furore med sin musikalske teaterleik. Gapskratten har runga både i Hamburg og i Dresden. Kanskje fordi det ligg eit sårt alvor like under overflata.

NRKs komiprisen 2009: Evig Ung fekk prisen for beste framsyning og Charlotte Frogner fekk prisen årets gjennombrot.

Kunne du tenkt deg og sett denne revyen her?

Eg gleder meg som sagt til og gå og se den. For den virker sinnsykt bra :)

-----------------------------

Meld deg på ukens blogg om du vil :)






 

 

Ingen kommentarer

Skriv en ny kommentar

minlilleverden2

minlilleverden2

27, Oslo

Er ei jente fra vestlandet så har flytta te Oslo. Trives godt her. Jobber på sykehjem og trives med det :) Om du lurer på noe/eller kanskje vil sponse meg, kan du sende meg en mail: hegegr@hotmail.com

var uri = 'http://impno.tradedoubler.com/imp?type(js)g(18381830)a(1960301)' + new String (Math.random()).substring (2, 11); document.write(''); Related Posts Plugin for WordPress, Blogger... Kule solbriller, vesker og accessories hos Shopperingen

Kategorier

Arkiv

hits